fredag 30. mars 2007

VESKE strikk,tov & nålfilting










.





.

.
Meir info blir lagt til over påske.
SLIDESHOW

Utkast 2 detaljar Klikk og finn veske stikka etter samme mønster.

fantasi4

tysdag 20. mars 2007

Vårteikn i marsfargen

Sola skin i Bergen i dag, og fotoapparatet har vore i bruk ute for første gong på lenge.
Eg hadde gløymt å setje inn SDkortet, og det er ikkje plass til mange foto i apparatet, men nokre vårteikn var det plass til. Her er resten.
Og medan vi ventar på at byen skal stå i full Rhododendron flor, kan vi kikke på denne sida.
Å, kor eg gler meg til Bergen kler seg i vår-stasen og me ser Gullregn og Rhododendron kor vi vender oss.
Då er det vakkert, så ulileg vakkert.

søndag 11. mars 2007

Eksperiment i mars fargen

Eg stakk ein tur ned i by'n sist torsdag, og handla over evne.

Eg kom heim med garn i veldig mange fargar.Eg har jo ikkje noko garnlager frå før, så eg har skaffa meg eit. Ull, tråd og ikkje minst, NÅLER til nålfilting var i posane eg drassa med meg heim.

Eg gler meg orntlig til å prøve filte-nålene no.Ok, eg kunne jo ikkje vente, så eg eg har jo alt prøvd bitte litt.

Det VAR verkeleg gøy, og enklare enn eg trudde.


NO GLER EG MEG til å utforske dette!