søndag 30. september 2007

Til det tapre folket i Burma.

'Begynnelsen'
Dette er begynnelsen på det som skal bli eit bilde til det tapre folket i Burma.




laurdag 29. september 2007

KAIZERS FOTO

'Musikk'

torsdag 13. september 2007

Musikk for den brune månaden.

Eg hadde veldig lyst å finne Madrugadalåt som kunne passe til septemberfargen, og eg hadde lyst på denne.Eg synest faktisk at ikkje berre det visuelle er i brunt,men eg høyrer og ein jorda, brun klang.
Det eg ikkje har tenkt på før no (flirer litt) Ane BRUN :)


Er det ikkje fin Cello? Den kan du høyre her og

måndag 3. september 2007

Brunfargen er jord og vår.



Brun er fargen Silja har valt at skal få litt oppmerksomhet i september. Det var litt overraskande, men kjekt, Silja.

Brunfargen får meg til å tenkje på våren, på nypløygd jord, og på nakne trestammer der ein berre begynner å skimte det grøne.

Den får meg til å tenkje på det å ha hage. Rake bort restane etter vinteren,brunt lauv og planterestar, og fram tittar staudene og eg får denne gjensynsgleda: "å, der var du og... og du...og så du som eg nesten hadde gløymt, men som er så vakker..." og eg fyllest av lykke når eg ser at der beskytta av lauv og anna dekke har dei hatt det lunt nok til å våge vekse ørlite.


Eg skulle sikkert ha fått meg ein hage igjen...

Jfr. 'cooper Symol lex' symboliserer brunfargen jorda.
Vidare finn eg i dette leksikonet at brunfargen for kristne symboliserer åndeleg død; død for verden;forsakelse;botferdighet;degradering