tysdag 31. juli 2007

Juli er mangefarga

Eg har stort sett vore på jakt etter stencils når eg har fotografert veggene i by'n.MEN: juli er jo mangefarga, og då måtte eg finne vegen til Sentralbadet i Bergen.



Dette er ein av dei "lovlege" graffitiveggene i Bergen.



Det vart ein regnfull affære å hente desse bildene. Vi har ikkje vore velsigna med så mykje sol og varme i juli, og det vart ein kjapp fotoseanse med kompaktkameraet mitt.
Eg ser ikkje bort frå at eg går tilbake når været blir bra og fotograferer på nytt :)







Eg har lagt ut Street Art her.