fredag 1. juni 2007

Juni er rosa

Juni er rosa. Meir enn noko anna forbind eg rosa med blømande epletre,- og biletet eg måla for ganske lenge sidan, men som alt er lagt i ALLROMMET.
Då eg las at junifargen var rosa tenkte eg jo at det var som søren og at eg alt hadde blogga dette biletet.



MEN så gjekk eg i gang med å male rosa i dag då, for det er maling og foto eg nok kjem til å drive mest med framover no. Det kjem sikkert ikkje til å vera mykje rosa att i biletet i morgon, så eg måtte fram med kameraet medan der enda var ein del rosa igjen :) Hagen fekk og vera med, og her ser du heile hagen min og litt av biletet eg målar på.
Det blir nok ganske rosa her i bloggen utover i juni, og eg er litt spent på kva alt det rosa som skal inn her er for noko.