onsdag 28. februar 2007

Kva symboliserer den blå fargen?

Eg slår opp i Cooper 'Symbol lex' og finn at blått symboliserer:
-sannhet, intellekt
-åpenbaring
-visdom
-troskap, trofasthet
-standhaftighet
-storsinn
-kyskhet
-rene følelser
-plettfritt rykte
-fromhet
-fred
-kontemplasjon
-kjølighet
Symbolleksikon v/Benedicte Thiis: Klarhet,hengivelse,religiøsitet(kulde,ensomhet)

BLÅ for indianerane,kristne,mayaene...

FOR INDIANERANE symboliserer den blå fargen himmelen og fred.

FOR KRISTNE er blåfargen symbol for himmelen, den himmelske sannhet, evighet, tro, troskap, Jomfru Marias farge som himmeldromming.

FOR MAYAENE: en fiendes nederlag

FOR KINESERNE: himmelen, skyer, Østens asurblå drage, våren, tre som materiale.

FOR DRUIDENE: en skald, dikter

For meg

For meg , ja så tenkjer eg helst på slitte dongerybukser til sommarbrun hud, Hermann Friele og Kåre Villoch. Ja, dette er det første som dukkar opp når eg tenkjer blått.
Det var ein periode i livet mitt då alle mine klær var blå, og eg må jo sei det var langt betre enn den noko seinare perioden då alt var svart.
Den blå perioden, ja då kledde eg meg i blått fordi eg elska blått.
Den svarte perioden starta jo med at eg likte svart, trivdest med det, men det varde jo altfor lenge, og på slutten av denne svarte perioden då gjekk eg i svart kun fordi det var dyrt å skifte ut og få fargar eg hadde lyst på trass i at eg var så lei desse svarte klærne.
Fortsatt er eg belemra med ein del klær frå denne perioden, men det kjem seg smått om senn.

Ulriken i februarfargen


Januarfargen i "Året i farger" alongen var svart,kvit og grå. Ja, vi har jammen fått sjå desse fargane over byfjella, dei har titt omslutta både fjell og lier.
Men no er det februar, og februar er blå

Blå video: Jeff Buckley Hallelujah

Eg set stor pris på Leonard Cohen som låtskrivar og som artist. Likevel, når det kjem til Hallelujah er det Jeff Buckley eg held som den beste til å framføra låten. Det er trasig å høyre dei 4 norske gitarkameratane når det går an å høyre J. Buckley. Trass i at eg har krympa meg når eg har høyrt dei og ikkje heilt forstått at det er dei som har vunne det norske folk, tenkjer eg at; vel så har ein fin låt nådd fleire av mine landsmenn.Ingenting så ille at det ikkje er godt for noko.

Eg var så heldig at denne videoen passar inn i Året i farger allongen:



LYTT GJERNE TIL DESSE OG:

Her er Hallelujah slik dei fleste av oss kjenner den best.
Denne og likar eg veldig godt. Vel det er vel ingen Buckley versjon eg ikkje likar.

varme i kulde. acryl


JANUAR VAR SVART,GRÅ OG KVIT.

Dette er fargar eg kunne jobba med eit heilt år. Vel, det kunne eg vel med dei fleste fargar, men i og med at både kvitt og svart var på samme tid fekk vi balanse.Når vi har berre ein farge vil nok ganske visst suget etter komplementærfargen melde seg.

Januarkvit Ugle-jakke

Denne jakka var mitt 'Håndarbeids' bidrag i 'Året i farger'-allongen i januar.
Eg har slett ikkje særleg erfaring med strikkepinnane, så her var det berre å strikke etter mønster. Kreativiteten måtte vike for strikke-trening. Ja, og så lika eg jakka veldig godt, og hadde lyst til å strikke den til Hannah.

Materiale: DUO silke/merino(Henrichsens Uldspinderi) og grøne perler.
Pinnar nr. 2 1/2 og 3
Design: Else Schjellerup.

"Januarfarge-musikk" NICK CAVE 'Into my arms'

Her er (etter min smak)vakker musikk og ein flott video som eg tykkjer høyrer til her under januarfargen.