måndag 30. april 2007

Den siste gule dagen stal eg ein bil

Det er siste dagen i april, gjett kva eg gjorde.
Eg snusa rundt på Flickr, og der stal eg denne gule bilen frå Andre Rabelo .
Med denne skal eg suse inn i mai som eg ikkje anar fargen på. Eg skulle jo hatt ein fin hatt og, høyrer ikkje det liksom med om vi skal kjøre til mai i ein slik bil?
Og kjole...
Det har vore herlig med gul april, og i morgon kjem Silja med ein ny farge til oss, eg lurer på kva det er for farge, begynner å bli litt spent eg no.
Det blir kanhende eit nytt tjuvtokt på Flickr. Spennande å sjå kva farge eg skal ut og stele.
.
Takk for den gule månaden Silja!


Lisens som gjeld for bruk av fotografiet

onsdag 18. april 2007

Det var ein gong ein "boksirkel"

Dette har blitt ein 'hente fram gammalt' månad.

Collagen til venstre har eg laga i ei bok som tilhøyrer Helga, Else Marie eller Liv Mari.

Vi fire hadde kvar vår bok som sirkulerte mellom oss.Vi hadde bøkene ein md. der vi skreiv og måla, klippte og limte
-for så å sende den vidare til neste mann...eh kvinne.

Slik reiste bøkene på ein runde mellom Bergen, Kvinnherad og Notodden inntil der ikkje var fleire blanke ark att i dei.
Det har jo gått nokre år no, og eigentlig kunne det vore litt kjekt å bla i dei andre sine bøker og. Dei høyrer jo liksom litt saman.

laurdag 14. april 2007

Coldplay - 'Yellow'

Dette er ikkje den beste Coldplay-låten, men fin er den lell, og det er jo den gulaste då!

fredag 13. april 2007

Cello

Dette er og eit av bileta som har lege lenge mellom permane i go' boka mi. Dei fleste bileta mine heiter u.t, men dette heiter 'Cello'
Eg skulle verkeleg ynskje eg kunne spele på eit instrument, og det er to instrument eg framfor alt skulle ynskje eg trakterte : fiolin og cello.

Gammalt og gult

Eg har små bøker som er heilt herlege å skrible og male i (MOLESKINE)Ei av dei er forlengst full. Då eg bladde gjennom denne i dag såg eg at i denne boka har eg slett ikkje spart på gulfargen :)





ACRYL

torsdag 12. april 2007

Gul som symbol

Sitat frå Cooper 'symbol-lex':

GULT
Tvetydig, lysgult eller gyllengult er solfargen; sollyset; intellektet; intuisjon; tro og godhet.
Mørkegult betegner svik; forræderi; sjalusi; ærgjerrighet; grådighet; hemmelighetskremmeri; bedrag; troløshet.
Et gult eller gult og svart flagg står for karantene. Et gult kors betydde pest.

For buddhistene: Munkedrakteri er safrangul og symboliserer forsakelse, frihet fra begjær; ydmykhet.
For hinduene: gullets farge; lys; liv; sannhet; udødelighet; vest.
For indianerne: solnedgang; Vesten.
For jødene (kabbalistene): skjønnhet.
For kineserne: jorden; sentrum; metall; haren i månen; Qjng-dynastiet.
For kristne:
Gyllengult står for hellighet; guddommelighet; åpenbart sannhet; «stråleglansens drakt», som bæres ved feiringen av visse helgener.
Mørkegult står for svik; bedrag; jøder; kjettere; Judas Iskariot.


GYLLENGULT:
Solen; guddommelig kraft; opplysningens stråleglans; udødelighet; Gud som uskapt lys; den høyeste verdi; livets materie; ild; glans; ære; utholdenhet; det maskuline prinsipp.
Solens gylne farge symboliserer alle solguder, korngudinnene og -gudene og moden grøde.
Zeus’ gulltråd trekker alle ting til ham;
for Homer er den forbindelsen mellom himmelen og jorden;
for Platon solen og fornuften.
Gull og sølv, sol og måne er de to aspektene av den samme kosmiske virkeligheten.
I alkymien: solens «essens» (innerste vesen); den jordiske solen; størknet lys; varighet; likevekten av alle metall- egenskaper. Å gjøre mindreverdig metall om til gull er sjelens forvandling; å vinne tilbake menneskenaturens opprinnelige renhet,
For egypterne: solguden Ra; det gylne kornet.
For hinduene: liv, lys; sannhet; udødelighet; frøet; ildguden Agnis ild.
For indiane: Vesten.
For kelterne: ild

I Benedicte Thiis symbollexikon finn vi:
Gul - gleden og intellektets ild, kontroll, kraft; (Sjalusi, emosjoner).

Du kan hente mykje informasjon om fargar og farge-symbolikk på nettet. Wikipedia har ein del infromasjon, men søker du på Kvasir vil du få ein god del å velge mellom