onsdag 28. februar 2007

For meg

For meg , ja så tenkjer eg helst på slitte dongerybukser til sommarbrun hud, Hermann Friele og Kåre Villoch. Ja, dette er det første som dukkar opp når eg tenkjer blått.
Det var ein periode i livet mitt då alle mine klær var blå, og eg må jo sei det var langt betre enn den noko seinare perioden då alt var svart.
Den blå perioden, ja då kledde eg meg i blått fordi eg elska blått.
Den svarte perioden starta jo med at eg likte svart, trivdest med det, men det varde jo altfor lenge, og på slutten av denne svarte perioden då gjekk eg i svart kun fordi det var dyrt å skifte ut og få fargar eg hadde lyst på trass i at eg var så lei desse svarte klærne.
Fortsatt er eg belemra med ein del klær frå denne perioden, men det kjem seg smått om senn.

Ingen kommentarer: