måndag 3. september 2007

Brunfargen er jord og vår.



Brun er fargen Silja har valt at skal få litt oppmerksomhet i september. Det var litt overraskande, men kjekt, Silja.

Brunfargen får meg til å tenkje på våren, på nypløygd jord, og på nakne trestammer der ein berre begynner å skimte det grøne.

Den får meg til å tenkje på det å ha hage. Rake bort restane etter vinteren,brunt lauv og planterestar, og fram tittar staudene og eg får denne gjensynsgleda: "å, der var du og... og du...og så du som eg nesten hadde gløymt, men som er så vakker..." og eg fyllest av lykke når eg ser at der beskytta av lauv og anna dekke har dei hatt det lunt nok til å våge vekse ørlite.


Eg skulle sikkert ha fått meg ein hage igjen...

Jfr. 'cooper Symol lex' symboliserer brunfargen jorda.
Vidare finn eg i dette leksikonet at brunfargen for kristne symboliserer åndeleg død; død for verden;forsakelse;botferdighet;degradering

3 kommentarer:

Torunn Skjærstad Moen sa...

Nydelige farger, og en dyktig fotograf er du med hilsen fra Torunn.

Tone sa...

Takk for det, Torunn.

Anonym sa...

Det var ett flott bilde.